Systemkrav:
Berre snøggtastar (tastekombinasjonar) som ikkje vert brukte i operativsystemet kan brukast i OpenOffice.org. Dersom ein tastekombinasjon i OpenOffice.org ikkje verkar som det står i hjelpetekstane, sjå om snøggtasten allreie er brukt av operativsystemet. For å løysa slike konfliktar, kan du endra tastetilordningane i operativsystemet ditt. Du kan òg endra nesten alle tastekombinasjonane i OpenOffice.org. For meir informasjon om dette emnet, sjå hjelpa i OpenOffice.org eller dokumentasjonen for operativsystemet ditt.
I standardinnstillingane er fillåsing slått på i OpenOffice.org. For å slå det av, må du setja miljøvariabelen «SAL_ENABLE_FILE_LOCKING=0» og eksportera «SAL_ENABLE_FILE_LOCKING». Desse oppføringane er allereie slått på i skriptfila «soffice».
Åtvaring: Om du skrur på fillåsings-funksjonen kan du få problem om Solaris 2.5.1 eller 2.7 er brukt saman med Linux NFS 2.0. Dersom systemmiljøet har desse parametrane, tilrår vi sterkt at du unngår å bruka fillåsing. Elles vil OpenOffice.org henga når du freistar å opna ei fil frå ei NFS-mappe frå ei Linux-datamaskin.
Ta deg tid til å fullføra den minimale produktregistreringa når du installerer programvara. Jamvel om registrering er velfritt, vil vi oppmoda deg om å registrera, sidan informasjonen gjer det mogleg for miljøet å laga ei enno betre programpakke og direkte ta hand om dei behova brukarane har. Gjennom personvernspolitikken, tek OpenOffice.org-miljøet alle førehandsreglar for å verna om dine personlege opplysningar. Dersom du gjekk glipp av registeringa når du installerte, kan du gå tilbake og registera kva tid som helst på http://www.openoffice.org/welcome/registration20.html
Det er òg ei brukarundersøking på nettet som vi vil oppmoda deg om å fylla ut. Brukarundersøkinga hjelper OpenOffice.org til å snøggare heva standarden for neste generasjon kontorstøtte-programpakker. Gjennom personvernspolitikken tek OpenOffice.org-miljøet alle førehandsreglar for å verna om dine personlege data.
Dersom du lurar på noko om OpenOffice.org 2.4, kan du sjå gjennom arkiva med spørsmål som allereie er stilte på e-postlista «users@openoffice.org» på www.openoffice.org/mail_list.html. Du kan òg senda inn spørsmål til users@openoffice.org. Hugs at du må abonnera på e-postlista dersom du vil motta svar på spørsmåla dine.
Les òg spørsmål og svar på http://user-faq.openoffice.org/.
På nettstaden til OpenOffice.org kan feil og problem meldast til IssueZilla. Alle brukarar vert oppmoda til å melda frå om feil og problem som oppstår. Feilmeldingar er ein av dei beste måtane å hjelpa til med utvikling og forbetring på.
OpenOffice.org-miljøet vil ha stor hjelp av di aktive deltaking i utviklinga dette viktige «open kjeldekode»-prosjektet.
Som brukar er du alt no ein verdifull del av utviklinga av programpakken. Vi oppmodar deg om å delta endå meir, som bidragsytar over lengre tid. Du finn meir informasjon om korleis du kan bli med på brukarsidene: http://no.openoffice.org/
Vi håpar du har glede av å arbeida med OpenOffice.org 2.4 og at vi snart møter deg på nettet.
OpenOffice.org-miljøet
Delar Copyright 1998, 1999 James Clark, delar copyright 1996, 1998 Netscape Communications Corporation.