Bruk Mandriva Linux 2009 Spring – og vert med i fellesskapet

Linux-distribusjonar for alle behov, og med full støtte for mini-PC-ar!


  • Hjelp Mandriva å byggja ein database over maskinvarekompatibilitet

    Mandriva har laga ein database over støtta for ulike typar maskinvare i Linux, som skal hjelpa Linux-brukarar å finna ut kor godt maskinvaren deira vil verka, og hjelpa dei å følgja forbetringane i maskinvarestøtta. Viss du ønskjer å bidra til dette, kan du senda oss ei oversikt over maskinvaren i systemet ditt, og opplysa om korleis han fungerer i Linux. Denne informasjonen vert så tilgjengeleg på nettet, til nytte for alle andre. Merk at informasjonen ikkje på nokon måte vert kopla til deg personleg, så personvernet ditt vert fullstendig ivaretatt. Det er enkelt og kjapt å bidra.